Digitalt samvirke i den norske redningstenesta
Bakgrunn
Den norske redningstenesta er avhengig av samarbeid på tvers av offentlege, private og frivillige aktørar. Digitale verktøy blir stadig viktigare for å sikre effektiv beredskap og innsats i krisesituasjonar, ettersom risikoane blir meir komplekse. Denne studien undersøker kva som fremmar og hindrar utviklinga og bruken av digitale samarbeidsverktøy innanfor eit fragmentert system med fleire aktørar.
Forskningsspørsmål
- Kva mål, forventningar og føringar ligg til grunn for utvikling og bruk av digitale løysingar?
- Korleis påverkar digitale løysingar informasjonsdeling, situasjonsforståing og koordinering mellom aktørar?
- Kva drivarar og hindringar påverkar utvikling og bruk av digitale løysningar for samvirke?
Metode
Kvalitativ studie: ni semistrukturerte intervju med representantar frå naudetatane, frivillige redningsorganisasjonar og offentlege beredskapsorgan, kombinert med dokumentanalyse (NOU 2023:17, evalueringsrapportane etter hendingane i Gjerdrum og Lindesnes, og Handbok for den norske redningstenesta). Dataa vart analyserte tematisk ved hjelp av eit sosioteknisk rammeverk, med Situation Awareness og Common Operational Picture som analytiske perspektiv.
Funn
Formelle digitaliseringsmål er godt etablerte på fleire styringsnivå, men den fragmenterte styringsstrukturen i redningstenesta gjer dei vanskelege å realisere i praksis. Der digitale samarbeidsverktøy er tekne i bruk, bidreg dei generelt til betre informasjonsdeling og situasjonsforståing, sjølv om vellukka implementering i like stor grad er avhengig av brukartilpassing og at verktøyet passar inn i arbeidsflyten, som av dei tekniske eigenskapane.
Utviklinga har ein tendens til å vere reaktiv og blir driven fram av større hendingar og engasjerte enkeltpersonar som arbeider for å fremme løysingar på tvers av organisatoriske grenser, heller enn av systematiske prosessar. Felles Aksjonsstøtteverktøy (FAKS) illustrerer dette: eit vellukka døme på samarbeidande innovasjon, som vart utvikla til søk etter sakna personar på land og seinare også godkjent for søk etter antatt omkomen, men der fleire deltakarar peikar på potensialet for breiare bruk.
Drivarar
- Større hendingar som utløyser reaktiv innovasjon og evaluering.
- Engasjerte enkeltpersonar som arbeider for å fremje løysingar på tvers av organisatoriske grenser.
- Eksisterande verktøy som FAKS som viser vellukka samarbeid på tvers av organisasjonar.
Hindringar
- Organisasjonsstruktur prega av siloar på tvers av etatar.
- Fragmenterte finansieringsordningar for felles digital infrastruktur.
- Fråvær av eit sterkt, overordna koordinerande organ.