EgdeAI-Learn
Oppgåva vi blei presentert av Egde var veldig open, kun med krav om å gjere "noko gøy med AI". Etter idemyldring og diskusjon vaks denne opne ramma fram til EgdeAI-Learn: eit verktøy som skal gjere det enklare for tilsette å samle og hente ut bedriftsrelatert kunnskap gjennom ein samtalebasert utveksling av informasjon og data.
Prosjektet gjekk over eitt semester, organisert i sprintar med jamlege leveransar til Egde undervegs. Vi jobba etter Scrum, med sprint planning, daily scrum, weekly standup og sprint retrospective som faste haldepunkt gjennom heile løpet. Prosessen under følgde ikkje fasane rett fram, éin etter éin. Vi gjekk fram og tilbake mellom dei, testa ein idé, oppdaga noko nytt om brukarane, og måtte tilbake til empathize eller define før vi kunne gå vidare. Diagrammet under viser rekkjefølga vi til slutt kunne beskrive prosessen i, men i praksis var det langt meir iterativt, ikkje éin rett line.
I starten av prosjektet blei det gjort grundig innsiktsarbeid for å kartleggje brukarbehov. For å forstå målgruppa vart ei rekkje metodar tekne i bruk, inkludert spørjeundersøking, brukarintervju, personas, empatikart og brukarhistorier. Vi jobba iterativt gjennom heile prosessen, med brukartesting gjennomgåande — ikkje berre som eit siste steg.
Som UX-ansvarleg hadde eg ansvar for gjennomføringa av UX-aktivitetane gjennom heile prosjektet, frå planlegging av intervju og brukartesting til oppfølging av designval saman med Egde sine designarar. Sjølv om mitt hovudansvar var UX, jobba vi tett på tvers av fagfelta for å sikre heilskap i produktet, med felles gjennomgangar av kode, innsiktsarbeidet frå brukarforskinga, og evalueringa mot Benyons prinsipp. Slik heldt eg meg oppdatert på det som skjedde utanfor UX-arbeidet, og resten av gruppa var like informerte om kva som skjedde på designfronten.
Personas, brukarhistorie og empatikart
Vi starta med å kartleggje brukarane før vi rørte designet i det heile: eit spørjeskjema til over 30 tilsette hos Egde, følgt av fem djupneintervju. Frå dette bygde vi fire personas, brukarhistorier og empatikart som heldt oss fokusert på reelle behov, ikkje gruppa sine eigne antakingar.
Under kan du sjå litt skjermdumpar frå prosessen. Først eit par personas, brukarhistorie, og empatikart.
Wireframes
Etter at gruppa hadde samla informasjon og oppnådd ei felles forståing av målgruppa, starta sjølve designarbeidet. Vi fekk halde fleire møte med erfarne UX-designarar hos Egde, og vart introduserte til verksemda sin designmanual og komponentbibliotek. Vi starta med at alle på gruppa skissa på papir, der vi saman kunne utforske idear til brukargrensesnittet. Vidare vart det utvikla både low fidelity (low-fi) og high fidelity (high-fi) wireframes.
Prototype
Prototype/mockup er ein vidareføring av wireframe. Visuelt lignar dei på high-fi wireframe, men prototypen har interaksjonsmoglegheiter som simulerer korleis det endelege produktet vil fungere. Det gir også moglegheit til å samle verdifull tilbakemelding frå både brukarar og interessentar. Det blei utvikla prototype for både mobil, desktop, og ein administrator-side. Under kan du sjå skjermdump frå to av sidene frå prototypen.
Sentrale aktivitetar gjennom prosessen
- Crazy-8 med ein UX-designar hos Egde: åtte løysingar på åtte minutt for å avgjere korleis brukaren skal velje kunnskapsbase. Enda med å droppe den opphavlege landingssida heilt: brukaren går rett inn i chatten.
- Brukartesting på kontoret, med kollegaer frå ulike aldersgrupper og fagfelt, både konkrete oppgåver og korleis dei opplevde det undervegs.
- WCAG 2.2 (nivå AA) og Benyons designprinsipp, vurdert fortløpande gjennom heile prosjektet, ikkje eit etterpåklokt sjekkpunkt.
- enkel A/B-test av chathistorikken: to versjonar testa på faktiske brukarar. Versjon B vann klart, meir oversiktleg og lettare å finne att gamle samtalar i.
Under kan du sjå versjon A og versjon B.
Prosjektet enda med eit produkt vi er stolte av, som vart godt teke imot av Egde, og som vi har fått utruleg mykje lærdom frå. Eg sit igjen med erfaring frå tett tverrfagleg samarbeid, frå å balansere ei open oppgåve med reelle behov hos ein ekstern samarbeidspartnar, og frå å jobbe strukturert gjennom eit heilt prosjektløp frå idé til ferdig levert løysing.
Under den avsluttande eksamen trekte sensor spesifikt fram designarbeidet som ein styrke ved prosjektet, ei stadfesting av at den grundige innsikts- og testprosessen faktisk gav utslag i eit produkt som fungerte godt for brukarane.